DEN NORSKE KYRKJA Osterøy prestegjeld til startsida 
Bruvik 
Gjerstad 

Haus 
Hosanger 

Hamre kyrkje

Den noverande kyrkja på Hamre kan ikkje daterast nøyaktig. Ei innskrift på den gamle hovuddøra tyder på at ho kan vera frå 1585, i så fall er det den første tømmmerkyrkja i Nordhordland.

Hamre kyrkje var soknekyrkje i mellomalderen. Ho var etter alt å dømme hovudkyrkje for heile Nordhordland, og kyrkjestaden kan ha vore den eldste i regionen. Her har nok vore to kyrkjer før den noverande. Den første finst det ikkje spor etter. Den andre var ei stavkyrkje, nokre bygningsdetaljar frå denne kyrkja er bevarte.
Stort bilete av Hamre kyrkje
Steinalteret vart fotografert 10/1-07, då folk frå Riksantikvaren var på synfaring. Til vanleg er det bygd inn i ei kasse av tre. Les artikkel av Kristoffer Foldøy, sjå fleire bilete. Det ligg ein artikkel om dette biletet på heimesida til Solrunn Nes, www.ikonmaleri.no/utsmykking/hamre.htm
Orgelet i Hamre er frå 1990, og blei bygd av Gebruder Reil, Heerde, Holland.
til startsida 
til toppen