DEN NORSKE KYRKJA Osterøy prestegjeld til startsida 
Bruvik 
Gjerstad 
Hamre 
Haus 

Hosanger kyrkje

Hosanger kyrkje vart bygd i 1796, ho er murt av bruddstein. I åra 1863-1865 vart ho forlenga mot vest. Sakristi-tilbygget på sørsida av kyrkja vart bygd i 1962-64.

På staden var det ei stavkyrkje i mellomalderen, og deretter ei tømra kyrkje. Tømmerkyrkja vart antent av eit lynnedslag og brann ned første juledag 1795.
  
Orgelet i Hosanger er frå 1899, og blei bygd av Olsen & Jørgensen.
til startsida 
til toppen