Haus kyrkjelydshus laurdag 4. oktober kl. 12-15
I ALL VERDA!
Program: Film, misjonstivoli (frå kr. 50,-) og mat.
Denne dagen blir det liv og røre i og utanfor kyrkjelydshuset med gøye aktivitetar for små og store. På misjonstivoli kan ein bli med på fleire ulike aktivitetar. Dette kostar minimum kr. 50,- men det er lov å betala meir, om ein vil prøva fleire aktivitetar. Inntektene går til eit misjonsprosjekt i Thailand. Me får sjå, høyra og læra om Thailand. Det blir også ein smak av Thailand. Her er ingen aldersgrense. Ta med små og store til kyrkjelydshuset denne laurdagen.
PÅMELDING HER!
Søndag blir det MISJONSGUDSTENESTE i Haus kyrkje kl. 11 med kyrkjekaffi.