Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Kva er dåp?


Gratulerer med barnet! Vi gler oss saman med dykk og inviterer til dåp i Den norske kyrkja.

Kva er dåp?
Dåpen er eit sakrament, ei heilag handling, der Gud tar imot barnet og velsignar det. Barnet får del i Guds kjærleik og frelse. Gjennom dåpen blir vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda. Barnet blir bore til døypefonten og døypt til namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande. Når vi ber eit lite barn til dåp, blir vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Barnet har sine viktigaste støttespelarar rundt seg. Dåpen er ei gåve frå Gud. I dåpen får vi høyre lovnaden frå Jesus: «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står».

 

Kvifor velje dåp?

Dåp handlar om tradisjon, tilhøyrsle og tru.

Tradisjon: Dåpen er ein berande tradisjon, og det har dåpen vore i landet vårt i nærmare 1000 år. Mange opplever dåpsdagen som ei god og meiningsfull feiring og ein viktig dag for dei som står barnet nær.

Tilhøyrsle: Dåpen knyter oss til Gud, til Jesus Kristus og til fellesskapet i kyrkja. Barnet vil få invitasjon til å delta i trusopplæring og gudstenester etter kvart som det veks til.

Tru: Barnet blir døypt til den kristne trua. I dåpen blir barnet lagt i Guds hender i tru på Guds kjærleik. Slik er trua ei gåve frå Gud til den døypte. Dåp og tru heng saman. Det vi får i dåpen lever vidare gjennom trua. Derfor tilbyr kyrkja trusopplæring frå barna er små. Babysong er det første tilbodet om trusopplæring.

Seks gode grunnar til dåp:

 

  1. Dåp er tradisjon

Tradisjonar uttrykkjer det som er viktig for menneske. Tradisjon er ikkje uttrykk for at ein er likegyldig eller ubevisst. Tradisjon er ein del av vår identitet som vi kan velje å vidareføre.

 

  1. Dåp er å bli ønska velkommen

Rundt den som blir døypt er foreldre, fadrar, familie og venner. Dåpen fører oss inn i kyrkjelyden, heile Den norske kyrkja og den verdsvide kyrkja.  I dåpen blir vi knytt saman med kristne søsken over heile jorda.

 

  1. Dåp er å ta imot Guds kjærleik

Dåpsvatnet og lovnaden i dåpen formidlar Guds nåde og kjærleik. Det å vere døypt, er å leve omgitt av Guds kjærleik.

 

  1. Dåp inviterer til det store mysteriet

Tru er eit møte med det vi ikkje forstår. Dåpen er ein invitasjon til undring i møte med livets mysterium og tillitsfull mottaking av trua.

 

  1. Dåpen lar oss leve og vekse i trua

Ingen veks opp i eit nøytralt rom.  Dei kristne verdiane er eit godt livsgrunnlag. Gjennom dåp og innføring i trua, får barnet eit grunnlag for å gjere sjølvstendige val. Kyrkjelyd og heim står saman om å utforske dåpen si gåve.

 

  1. Dåpen gir håp

Dåpen ber gjennom livet og har eit håp som ber utover dette livet. Jesus kallar alle til dåp. Vi blir døypte til å leve eit liv med Jesus. Dåpen gir oss del i Jesu oppstode. Lovnaden i dåpen set våre liv inn i Guds evige perspektiv.

Dåpssamtalen:

I forkant av dåpen inviterer vi til dåpssamtale i kyrkjesenteret i Lonevåg, ca. 1-2 veker før. Dåpssamtalen er vanlegvis ei gruppesamling, der fleire dåpsbarn med foreldre kjem saman til 1 times orientering og samtale. Tema for dåpssamtalen er dåpen sitt innhald, dåpsliturgi,  praktiske tema rundt sjølve dåpsdagen og tilbod om trusopplæring for barnet.

Film om dåp:

https://kirken.no/nb-NO/d%C3%A5p/

Tilbake