Kyrkjegarden på Bruvik – nysådd


Hausten 2020 sette fellesrådet i gang eit større arbeid med å fjerne gravsteinar på kyrkjegarden på Bruvik. Det var mange som skulle takast bort. Nokre var gløymd av etterkomarane, mens andre hadde vi fått beskjed om å slette. Det blei nær 100 gravsteinar som blei køyrd bort. I vinter har kyrkjegarden sett ut mest som ein potetåker.

 

Rett før 17.mai, når vi såg at våren endeleg kom til Vestlandet, gjekk vi i gang med å fylle på jord og planera. Det blei kjøpt 4 lass jord, og resultatet ser ut til å bli bra. Nå er det sådd til, og vi håper at om nokre veker vil vi kunne sjå det spire og gro. Kyrkjegardsarbeidarane har gjort ein strålande jobb.

Tilbake