Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Etter skuletid i Haus


ETTER SKULETID i kyrkjelydshuset for 5.-7.klassetrinn v/Haus skule startar opp igjen fredag 6. februar kl.13-15

Annankvar fredag (ca.) kan dei eldste elevane ved Haus skule gå rett til kyrkjelydshuset etter skuletid kl.13. Der får dei servert hotdogs. Etter mat blir det felles leik og ein film med Bibelforteljing. Til slutt kan ein velja mellom ulike aktivitetar som kortspel, brettspel og formingsaktivitetar. Avslutning kl.15. Me håpar dette tilbodet kan vera eit godt alternativ til å gå rett heim etter skuletid. For at me skal ha nok mat og utstyr til alle, har me påmelding. Tilbodet er gratis!

Datoar fram til sommaren:

  6. februar 17. april
20. februar   8. mai
  6. mars 22. mai
20. mars  

PÅMELDING FOR NYE DELTAKARAR HER!

Helga Askeland Mjelstad (Trusmedarbeidar i kyrkja) organiserer ETTER SKULETID, saman med fleire frivillige medarbeidarar.

Tilbake