Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Tårnagentar 2026


TÅRNAGENTHELG for 2. klassetrinn i Gjerstad kyrkje 7.-8. mars. I Hamre kyrkje 11.-12. april .

 

PÅMELDING TIL TÅRNAGENTHELG

Inviterte: 2. klassetrinn. Det er mogleg å delta, sjølv om ein ikkje er medlem i kyrkja. Medlemmer får invitasjon tilsendt som brevpost.

Kva er ein tårnagent?

Tårnagentar utforskar kyrkja, hemmelege symbol, klokketårnet og Bibelen. På tårnagentsamling laurdag får agentane vera med på gøye aktivitetar og oppdrag. Dei får utforska krikar og krokar i kyrkja. Tårnagentane får agentbevis, nøkkelband og tårnagentbuff. Søndag deltar agentane aktivt i familiegudstenesta.

Laurdag 7. mars er det samling for tårnagentar i Gjerstad kyrkje kl.12-15. Søndag 8. mars deltar agentane i tårnagentgudstenesta kl.11-12.

Laurdag 11. april er det samling for tårnagentar i Hamre kyrkje kl.12-15. Søndag 12. april deltar tårnagentane på tårnagentgudstenesta kl.11-12.

Nokre bilete frå TÅRNAGENTHELG SPESIAL (2020) ved Hamre kyrkje kan du sjå her:

Agent 002 utforskar klokketårnet.

Agent 006 brukar musklar!

Agent 013 sjekkar utsikta frå det øvste vindauget i klokketårnet.

 


 

 

Tilbake