Babysong


BABYSONG kvar onsdag kl.12 i kyrkjesenteret i Lonevåg

Kyrkja tilbyr babysong kvar onsdag frå februar til juni. Alle samlingar startar kl.12. Siste åra har me hatt svært mange deltakarar. Det har vore veldig kjekt! Samlingane i haust starta i kyrkjesenteret i Lonevåg. Etter kvart blei me så mange, at me måtte ha større lokale. Då fekk me låna biblioteket til babysong. Av praktiske årsaker flyttar me ned igjen i kyrkjesenteret i april-juni.  Alle som er påmelde, får sms med påminning før kvar samling. 

Når ein melder seg på, er ein påmeldt heilt til ein sjølv ønskjer å slutta. Ein melder frå via sms når ein sluttar. Dersom nokon opplever at dei ikkje får melda seg på, kan dei senda ein sms til Helga, på tlf: 480 95 658. Då blir ein kontakta straks det blir ledig plass, eller tekniske problem med påmelding blir ordna. Bli gjerne med i Facebook-gruppa, "Babysong Osterøykyrkja" for rask oppdatering om samlingane.

PÅMELDING TIL BABYSONG HER!


Velkommen til ei koseleg stund med song, musikk, bevegelse og rytme!

Babysong er for barn i i alderen 0 - 1 år. Den vaksne har ansvar for sin baby og babyen er nær den vaksne heile tida. Barnet får stimulert sansane sine. Foreldra kan få tips om korleis ein kan følgja opp dåpen. Barn som ikkje er døypte, er også velkomne.

Me ønskjer å inspirera dei vaksne til å syngja saman med barnet sitt. Kommunikasjonen mellom barn og foreldre kan styrkast gjennom konsentrert merksemd. Ein kan delta, sjølv om ein ikkje likar så godt å syngja. Babyen blir opptatt med lydar, bevegelse, instrument og såpebobler. Songstunda startar kl.12 og varer i 30-40 min. Etterpå er det tid for prat. Då får ein sjanse til å bli litt betre kjent med kvarandre.

Dersom de ønskjer å delta, ver venleg å melda dykk på! Det gjer du på denne heimesida. Dei første som melder si interesse får først plass! 

Tilbodet er gratis! 
Ta med eit godt teppe til barnet ditt og innesko/labbar til deg sjølv! 

Venleg helsing trusmedarbeidar, Helga Askeland Mjelstad (tlf.480 95 658) i samarbeid med sokneråda.

Tilbake