Vi søkjer ein engasjert kantor i 50 % stilling til kyrkjene på Osterøy. Vi har 5 kyrkjer som alle ligg idyllisk til i vakker natur, om lag 45 min frå Bergen sentrum.

Hamre kyrkje, frå ca 1620
Hamre kyrkje er eldst og er ei tømmerkyrkje frå 1620-talet. Ei er frå 1796, og dei tre andre frå rundt 1870. Osterøy er ein liten kommune med vel 8000 innbyggjarar.
Vi høyrer inn under Åsane prosti og har eit felles kyrkjekontor i Lonevåg, for alle fem sokna. Her finn ein to prestar, kantor og organist, trusmedarbeidar, konfirmantlærar, sekretær og kyrkjeverje. Kvar kyrkje har ein kyrkjetenar og fellesrådet har 2-3 tilsette på gravplassfeltet.
I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til prestane. Det er ønskjeleg at kantoren har brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelydane i salmesong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette.
Kantoren er også ein viktig ressurs for trusmedarbeidaren i sitt arbeid med barn og ungdom.
Gjerstad kyrkje har eit 17-stemmers Paul Ott-orgel frå 1977. Haus kyrkje har eit romantisk orgel med 12 stemmer, levert av Heggen og Ivers i 1930. Bruvik kyrkje har eit 8-stemmers orgel bygd av G. F. Husted i 1994. Hosanger kyrkje har eit romantisk 6-stemmers Olsen & Jørgensen-orgel frå 1899. I Hamre kyrkje står eit barokk-orgel bygd av Gebr. Reil frå 1990 med 13 stemmer. Alle kyrkjene har gode piano, Hamre har eit særs godt, nytt Yamaha-piano.
Arbeidsoppgåver
- Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Bidra med speling på sjukeheimsandaktar og i trusopplæring.
- Kantoren har stor grad av påverknad for det som gjeld innhaldet i den resterande stillinga.
- Tilsyn med kyrkjene sine orgel.
Kvalifikasjonar
- Vi viser til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorer» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
- Meistre godt norsk, skriftleg og munnleg
- Prøvespeling kan påreknast.
Personlege eigenskapar
- Evne til å inspirere og skape song- og musikkglede
- Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab, frivillige og musikalske aktørar
- Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja si plass i lokalsamfunnet
- Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel
- Informasjon om samlivsform kan bli innhenta, jf. likestillings- og diskrimineringsloven § 30, og gjeve vekt i tilsettingsprosessen, jf. § 9.
Vi tilbyr
- Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i tradisjonsrike kyrkjer
- Høve til å profilere seg som musikkar
- Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
- Løn etter regulativ i KA
- Pensjons- og forsikringsordninger i KLP
Anna
- Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
- Stillinga er ledig frå 1.september 2020.
- Les meir om oss på www.osteroy.kyrkja.no og om kommunen på www.osteroy.kommune.no
- Søknad på epost til: kyrkje@osteroy.kommune.no
Kontaktinformasjon
Edvin Bratli, kyrkjeverje. Tlf. 56192280 / 98067960
Arbeidsstad
Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Osterøy kyrkjeleg fellesråd
Stillingsprosent: 50 %, fast
Søknadsfrist: 28.08.2020

Haus kyrkje, frå 1875