Fredag 10. november kl.18
Klovnane Tipp & Topp besøkjer Hosanger kyrkje.
Når klovnane er på besøk, skjer det alltid noko gøy.
Kva finn klovnane på denne gongen? Kan dei verkeleg trylla? Kvifor finn klovnane på så mykje tull og tøys?
Med hjelp frå alle barna, får vi nok svar på nokre spørsmål. Vi vil også få høyra ei fin forteljing frå Bibelen. Etter forestillinga blir det pølsefest i kyrkja.
PÅMELDING HER!

Pølsefest.
Heile familien er velkommen! 5-åringar er spesielt inviterte.
Pris: Frivillig kollekt/vipps: 54 73 23