For 1.kl. laurdag 19. august: kl.11 i Gjerstad kyrkje og kl.16 i Hamre kyrkje.
Heilt førsteklasses er eit tilbod til 6-åringane ved skulestart. Dette gjeld førsteklassingar på heile Osterøy. Dei får eiga samling og mottar 6-årsbøker. Samlinga blir tilbydd i to av kyrkjene våre og ein kan velja kvar ein vil møta. På samlinga får førsteklassingane sjå og høyra ei forteljing frå Bibelen, dei lærer songar frå 6-årsboka og lagar noko saman. Me brukar rom i kyrkja, som barna elles ikkje får sjå. Bollar og frukt blir servert. Invitasjon kjem i posten til medlemmer i Den norske kyrkja. Alle førsteklassingar er hjarteleg velkomne til å melda seg på! Ein vaksen følgjer barnet.
Dersom nokon vil ta imot bok, men ikkje kan delta på arrangementet, kan dei ta kontakt med Helga: helga.askeland.mjelstad@osteroykyrkja.no
Laurdag 19.august kl.11.00-13.00 i Gjerstad kyrkje
Laurdag 19.august kl.16.00-18.00 i Hamre kyrkje
Det er mogleg å velja kyrkje og tidspunkt som passar best. Me gler oss til å møta førsteklassingane!
PÅMELDING HER!